– Naturen er framleis open

Av: Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen

Ny spekepølse

Skjærtorsdag, som i år fell på 1. april, lanserer prosjektet «Høgt og Vilt» i samarbeid med velrennomerte Svindland Kjøtt i Flekkefjord ei heilt ny spekepølse.

-Det er ingen aprilspøk, men produktet har fått det klingande namnet Bålpølse fordi dette er ein type pølse som passar midt i blinken for bålkos i påska, seier Per Thunstad.

I første omgang har dei Bålpølsa til salgs på Eikerapen Gjestegard i eit svært avgrensa og eksklusivt opplag i forbindelse med at http://www.aakset.no skal ha fotoutstilling på Gjestegarden no i påska. Hotellet tar likevel imot bestillingar på Bålpølsa – til per@hoytogvilt.no etter 1. april.

Samarbeid med Svindland Kjøtt

Han fortel om historien bak Bålpølsa:

-”Høgt og Vilt” har lenge sysla med ideen om å ha eit produkt som kunne passe spesielt godt til ein utandørsaktivitet – då grunnsteinane våre er bygde nettopp på dette, seier han.

Prosjektgruppa var innom mange idear. Då det dukka opp forslag om å få laga ei eiga spekepølse, ikkje berre for Villmarksdagen kvar haust, men også elles i året, ja, så gjekk ein straks vidare på det. Prosjektgruppa har skaffa seg eit breitt nettverk. Dei kom difor fort i dialog med Svindland Kjøtt, den mest anerkjente produsenten av spekepølse i landsdelen vår. Då begynte «snøballen» å rulle.

-Me enda opp med eige design og lovnad om eit ferdig produkt som skulle leverast til oss innan påska 2021, fortel Thunstad.

Merkevarebygging

-Klart me er stolte. Me gleder oss til å presentere produktet i marknaden torsdag i denne veka, altså skjærtorsdag 1. april, seier Thunstad.

Det er altså Svindland Kjøtt som står bak sjølve produktet, og prosjektet «Høgt og Vilt» har benytta anledningen til merkevarebygging med stilige etikettar på innpakninga av Bålpølsa.